10. september 2025 - Bergen
Velkommen til kickoff og første workshop i prosjektet betong-LEGO!
Vi inviterer deg til å bli med på ein spennande dag der vi saman skal utforske korleis vi kan gå frå tradisjonell riving til presisjonskapping av modulære byggeklossar, og skape ei sirkulær verdikjede for oppsirkulerte betongelement.
Kvifor bør du delta?
Er du ein som kjenner byggebransjen og veit korleis ting fungerer i dag – eller ein som brenn for å endre systemet? Begge perspektiv er like verdifulle, og vi treng di stemme! Dette er di moglegheit til å påverke korleis vi kan redusere utslepp, utnytte ressursar betre og skape ein meir sirkulær og lønsam byggebransje
- Introduksjon til prosjektet: Få innsikt i korleis vi skal utvikle eit lønsamt og skalerbart system for oppsirkulering av betong, og kvifor dette er avgjerande for bransjen.
- Workshop om verdikjeda: Gjennom gruppearbeid og diskusjonar skal vi identifisere dei største utfordringane langs den nye verdikjeda – frå logistikk og økonomi til ansvar, bruk og dokumentasjon. Dette er ein hands-on workshop der vi saman skal finne løysingar som kan drive prosjektet framover.
- Befaring av Føniks-bygget: Sjå korleis utskårede betongelement er brukt til å bygge ein heissjakt, og høyr kva erfaringar Frydenbø Eiendom har gjort seg. Dette er ein unik sjanse til å sjå sirkulær økonomi i praksis! Føniks er et Futurebuilt-prosjekt, og setter en ny standard for ombruk i bygg
Vi ønskjer brei deltaking frå byggenæringa i Vestland:
- Byggherre som vil finne verdi i gamle betongkonstruksjonar?
- Entreprenør som vil utforske nye metodar for demontering og gjenbruk?
- Arkitekt eller rådgivar som vil bidra til å integrere oppsirkulerte material i nye prosjekt?
- Betongprodusent eller logistikkaktør som vil vere ein del av framtidas verdikjede?
- Andre som føler seg kallet
Prosessleder for prosjektet er:
Ørjan Kongsvik Aall orjan.aall@pwc.com
Informasjon
Arrangement: Workshop#1 Betong-lego!
Dato: 10. september 2025
Tid: 08.30 - 11.30 (kaffe og mingling fra 08.15)
Sted: Frydenbø Eiendom, Damsgårdsveien 135
Program
08:15 - 08:30: Registrering og kaffe
Start workshopen med en kopp kaffe i godt selskap
08:30 - 08:45: Velkommen
Hanne Wetland, prosjektutvikler i Building Innovation og Ørjan Kongsvik Aall, prosjektleder Betong-LEGO.
08:45 - 10:45: Workshop
10:45 - 11:30: Befaring
11:30: Takk for i dag