Events

Intelligente Bergen 2023

Skrevet av Proptech Innovation | Jun 20, 2023 10:06:00 AM
03. november 2023

Kor går grensene for kva vi kan få til med kunstig intellligens i dag, og kva mulegheiter og farar bringjer det med seg? Kva er lov? Og kva er lurt? Vi samler landets framste forskarar og ekspertar for å finne nokre av svara.

Du er invitert til konferansen «Intelligente Bergen – kraftsenter for kunstig intelligens».

Intelligente Bergen skal samle næringsliv, offentleg sektor, forskarar og studentar i Bergensregionen for å få synleggjort forsking på og bruk kunstig intelligens (AI).

Konferansen utforskar nye samarbeidsmoglegheiter og opnar for dialog på tvers av fag og sektorar i regionen. Målet er å koble ulike aktørar og vise korleis kunstig intelligens brukast, studerast og utviklast ved ein bredde av sektorar i regionen, med særleg fokus på kva som er muleg, lovleg og lurt. 

Konferansen er fysisk, og blir arrangert av klyngemedlem UiB AI i samarbeid med Norwegian Cognitive CenterHelse Bergen og Bergen kommune.